Bok

Brynjulf Jung Tjønn.

– Det er viktig å tenke at ein kan hjelpe, sjølv om ein ikkje er sikker

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn har sjølv følt seg som den guten som blir lagt merke til, men samtidig ikkje sett. Det gjeld også hovedkarakteren Isak.

Publisert Sist oppdatert

Kva handlar romanen om?

– Isak bur aleine med mora. Men mora treng av og til å vere aleine.

– Isak går gjennom skogen og søker mot nabogården. Der bur ein framand mann. Isak får tyggis eller kjeks av mannen og etterkvart utviklar dei eit slags vennskap. Ein dag flyttar det inn ei kvinne hos naboen. Isak får bli med dei på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak?

Er det noko i ditt eiget liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Eg har nok følt at eg kan vere den guten som blir lagt merke til, men samtidig ikkje sett. Slik ville eg skrive fram Isak. Alle i bygda legg merke til han, men bryr seg ikkje om korleis han har det heime.

Kva er det du vil formidle til dine lesarar med denne romanen?

– At det er viktig å bry seg. Viktig å tenke at ein kan hjelpe, sjølv om ein ikkje er sikker.

Var det tider med skrivesperre under arbeidet med romanen – i så fall: Kva drev deg til å fortsette?

– Nei, med denne romanen hadde eg ikkje skrivesperre. Men eg opplevde hindringar undervegs, som eg strevde med å løyse. Då må ein kanskje berre skrive og forsøke og forkaste og redigere. Ofte losnar det etter ei stund.

Er det noko spesielt som kjenneteiknar din måte å jobbe på?

– Eg må vite minst mogleg om kva eg skriv om på førehand. Karakterane og historiene blir til medan eg skriv. På denne måten treng eg ikkje å tenke så mykje på kva retning eg skal, men heller vere i stoffet og la det som dett inn i hovudet mitt styre retninga på prosjektet.

Kven har inspirert deg til å bli en betre forfattar?

– Det er først og fremst mitt eige ynskje om å bli betre til å skrive og dikte. Heile tida utvikle meg. Men vi har mange svært gode forfattarar i Norge som eg blir inspirert av.

Nevn éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Kona mi, fordi ho er ein kritisk og god lesar, samtidig som det er viktig for meg å vite kva ho synest.

Fins det ei bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Ungdomsromanen «Aleksander den store» av Peter F. Strassegger som er nominer til Nordisk råds litteraturpris for barn og unge. Ein annleis og viktig roman om å innvandre til Norge i ung alder og hamne i eit hardt miljø på Vestlandet.

Kva for bok les du sjøl akkurat no?

– Akkurat no les eg «Vente på vind» av Oskar Kroon, som blei tildelt Augustprisen for årets svenske barne- og ungdomsbok i 2019. Boka er omsett til nynorsk av Runa Kvalsund.

Kva skulle du ønskje du hadde meir tid til?

– Enda meir tid til å lese bøker og ikkje minst meir tid til familien min!

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Brynjulf Jung Tjønn (40)

  • Yrke: Forfattar og forlagsredaktør
  • Utdanning: Journalist
  • Bustad: Oslo
  • Aktuell med: «Kvar dag skal vi vere så modige»
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Sidetal: 176
Powered by Labrador CMS