Bok

– I «Eg bur her no» går eg inn i synet på kjærleik og forhold, noko vi har ganske mykje fokus på i notida, seier forfattar Kari Anne Bye.

– Det er mykje som står på spel i kjærleiken

– Eg vil gjerne at lesaren skal sitt att med ei kjensle av at det kan vere heilt normalt å ha en lengt etter nærleik, seier forfattar Kari Anne Bye. Hennar nyeste diktsamling handlar om både kjærleik og død.

Publisert Sist oppdatert

Kva skriver du dikt om?

– Kjærleik og død, baby!

– Jo, eg gjer faktisk det. «Å, er det ikkje ho som skreiv den Tinder-boka?» Joda. Men det er mykje som står på spel i kjærleiken, også når ein har ein Foodora-aktig app som du kan finne partnarar på. Kanskje spesielt da?

– Det går no mykje i kjærleik og lengt, einsemd og frykt. Men så skriv eg no eit og anna dikt om den fleksible arbeidsmarknaden og om harar og kattar innimellom òg.

Er det noko fra ditt eige liv eller samtida du henter ideene til dikta frå?

– Å ja! Eg skriv jo om det eg er opptatt av akkurat da. Og eg er særs opptatt av samfunnet, om samtida og kva slags tankar og tendensar som finst i henne. Til dømes skreiv eg mykje om det fleksible mennesket i «Eg et før eg kjem».

– I «Eg bur her no» går eg inn i synet på kjærleik og forhold, noko vi har ganske mykje fokus på i notida. Berre tenk på alle samlivsspalter, podkastar og nettresursar det finst om dette

Kvifor dikt og ikkje roman?

– Både denne, og den førre boka mi, «Eg et før eg kjem», kan ein eigentleg kalle diktromanar. Vi følger hovudpersonar og eit narrativ.

– Men kvifor ikkje ein tradisjonell roman? Eg trur det er noko i den konsentrerte forma i dikt som lokkar for meg. At ein kan fange noko og halde det fast. At ein kan ta ein situasjon, ei kjensle, eit bilete og få det til å seie så utruleg mykje ut over dei få linjene som står der.

– Det er også noko med sjangermedvitet som kjem med å kalle noko «dikt». Lesaren veit at her ligg det kanskje noko under. At ein lyt sette ned farta. Vere open for at det der kanskje kan vere ein metafor. Det å ha denne ramma, denne sjangeren, skapar eit rom og ei forventing kor det kan skje noko i møtet med ein lesar.

Kva vil du formidle gjennom dikta dine?

– Eg går alltid inn i skrivinga med noko eg lurar på sjølv. Noko eg vil utforske, kanskje finne svar på. I den grad ein kan finne svar når det kjem til dei store spørsmåla. Men eg trur eg vil normalisere litt. Eg vil gjerne at lesaren skal sitt att med ei kjensle av at det kan vere heilt normalt å ha en lengt etter nærleik. At det er heilt normalt å vere redd. At vil alle er sårbare, og at det er greitt, det.

Er det eit av dikta dine du vil dele – og kvifor nettopp dette diktet?

NOKO MJUKT
Du pakkar dyna
Mjukt og vart ikring meg.
No er du ein mumie, seier du.
Og eg håpar det.
At eg er noko
Du vil bevare.

– Vi håpar vel alle at vi er noko nokon vil bevare. At vi er noko for ein annan, at vi kan lite på at dette er trygt, at det er ei varme og kvile i dette.

– Eg vil seie noko om kjærleik og om sårbarheit i denne samlinga. Eg tenker at dette diktet er eit døme på dette. Dette er eit av dei kortaste dikta i denne samlinga. I denne samlinga har eg fleire lange dikt enn i den førre.

Blir dikta dine til på kort tid etter du får ein ide eller kan du jobba med eit dikt i fleire år?

– Dei fleste kjem ganske fort. Heit ferdig form kan ta nokre rundar, men eg har aldri snekra på eit dikt i fleire år. Men det eg har gjort er å skrive ned idear og setningar som eg har spara til seinare.

– I førre bok brukte eg til dømes ein idé som var 10 år gammal som vart til eit dikt. Eg driv jo og noterer i kladdebøker heile tida. Stundom vert råteksten kjapt til ferdig dikt, ofte sett eg med ned og skriv ut råtekst til dikt på PC i ein periode. Da kan eg til dømes har drive og notert i nokre veker, så sit eg og skriv på PC nokre veker. Og somme dikt kjem, nesten heilt ferdige, da må eg stundom springe ut av senga og finne kladdebok før det forsvinn for meg.

De færreste diktsamlingar trykkast i store opplag. Ved å velge dikt som kunstform, vil det seie at du er meir opptatt av formidling enn av kor mange som kjøp diktsamlinga di?

– Eg kan ikkje tenke på sal når eg skriv. Det einaste eg kan gjere er å skrive den boka eg treng å skrive. Så må forma berre følge etter. Og når ein skriv den boka ein treng å skrive, så kan det hende ho treffer, det kan hende ho sel. Og det kan hende ho ikkje gjer det òg. Det rår eg ikkje med. Eg kan berre prøve å skrive den boka som best eg kan.

– Når det er sagt, dikt treffer folk. Det er ein klisjé, men det er dikt folk tek fram på dei store dagane i livet, dei vonde og dei gode. Bryllaup, dåp, gravferd. Og for å snu litt på det igjen, det er jo ikkje som om dikt ikkje sel. Dei sel jo som berre det! Ikkje alle, sjølvsagt, men sjå kor stort diktsamlinga til Karoline Brændjord («Jeg vil våkne til verden») har gjort det! Og det er interesse for dikt for tida. Berre sjå på Instagram, sjå på instagrampoetane som kjem med bøker. Dei sel jo veldig godt.

Hvem har inspirert deg til å bli en best mulig dikter – og kvifor?

– Eg er glad i Aslaug Vaa. Ho er så fantastisk konkret. Ho skriv om natur, om å henge draumar i trea, om å møte nokon på ein smal stig i ei bratte, og ho skriv så fantastisk om kjærleik! Det er det store og det vesle, det konkrete og det høge, det er alt! Om eg kan vere litt som Aslaug Vaa, så hadde det vore stas.

Kan du nevne ein person du håper les diktsamlinga di – og kvifor?

– Ein person som er redd.

– Kanskje nokon som er redd for kjærleik, redd for å vise kven ein eigentleg er, redd for at andre ikkje kan tole det. Eg veit ikkje om ein vert mindre redd av å lese boka mi. Men ein kan i det minste sjå ein annan som er veldig redd, og kanskje det hjelp litt? Å ikkje kjenne seg så aleine om det.

Fins det ei bok eller diktsamling du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Eg fekk mykje ut av Erlend Skjetne si diktsamling «Skare». Også her er det kjærleik, det er parforhold, og det handlar om å bu ein plass (som folk jo ofte gjer).

– Her har vi eit par langt frå folk i eit hus i Finnmark, berre dei to alene saman, litt Jon Fosse over heile greia, men dette er ei heilstøypt diktsamling heile vegen. Han veit kva han gjer. Det er vart, det er fint, stundom ikkje berre fint, og det er eigentleg berre heilt rett.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

Kari Anne Bye (38)

  • Yrke: Forfattar og historikar
  • Utdanning: Mastergrad i historie. Utdanning i drama/teater, nordisk og pedagogikk
  • Bostad: Trondheim
  • Aktuell med: «Eg bur her no»
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 186
Powered by Labrador CMS