Annonse
I 2019 debuterte Øyvind Rangøy med diktsamlinga «Sisikond» («innvolar») på estisk. Nå har han sluppet sin første diktsamling på norsk. Foto: Asko Künnap / NTB Scanpix

– Bøker er så viktige at vi neppe forstår det, og alle forsøk på å formulere det kjennast overflatiske

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

Å vende tilbake til ei bygd som er blitt forandret: Det er noe av det Øyvind Rangøy tematiserer med sin diktsamling «Dødsbu».

Fortell kort om hva som ledet fram til denne utgivelsen.

– Eg har skrive ganske mykje i ti år, og det meste av denne tida har det lege i korta at det kunne bli bok. Det ville seg slik at min bokdebut ikkje vart i Noreg, men i Estland og på estisk. Med utdanning i estisk filologi vart eg noko så sjeldant som norskfødd, estisk forfattar.

– Saman med gode venner gav dette meg støtte og oppmuntring til å prøve meg med manus i gamlelandet og på morsmålet, eit arbeid som leidde fram til «Dødsbu» og Aschehoug.

Hvor har du hentet idé og inspirasjon til denne utgivelsen?

– Eg budde i eit nytt heimland i ti unge vaksne år. Eit par år etter at eg vende tilbake til Noreg døydde min onkel og næraste nabo. Tankane, minna og refleksjonane som dødsbuet sette i gang er ein viktig del av boka. Perspektivet ber også preg av at eg som heimvendande emigrant ser heimstaden innanfrå og utanfrå samtidig – den staden eg vende tilbake til var jo ikkje lenger den same som eg reiste frå.

Hvorfor vil du at vi skal lese denne boken?

– Fordi alle dikta ein stad inst inne vil noko som er verd å seie – og eg trur dette skin gjennom for den som finn grunntonen.

Gi oss noen stikkord om hva som venter oss når vi åpner permene og begir oss inn i dette litterære universet.

– Tid som fanst og tid som finst. Vind, saltvatn og krumbøygde rognetre. Ei øy. Ein mann. Liv. Død. Sorg. Og lys. Lys med havsmak, velbrukt lys.

Fortell kort hva du vil gi oss. Blir vi opplyst, er det underholdning – eller får vi samfunnskritikk?

– Eg søkjer nok inn mot opplevingane av samanheng. Eg vil jo gjerne røre ved noko i lesaren, helst på ein måte som også stimulerer tankane. Og aller helst vil eg at lesaren skal finne sitt eige lys slik eg finn mitt.

Hva er det fineste noen kan si om denne utgivelsen, tenker du?

– At det er akkurat slik det er.

Hvem håper du skal lese den? Og har du en drømmeleser?

– Eg håpar boka blir lesen både av folk med og utan eit djupare forhold til lyrikk, og ikkje minst håpar eg at boka skal bety noko for den som har eit forhold til kystmiljøet. Det er viktig for meg at lyrikken verken skal isolere seg i eit elfenbeinstårn eller vere insta-smart og lettfordøyeleg. Eg trur på noko som er organisk og sant, og eg håpar dette skal vere tilgjengeleg også for folk eg ikkje har tenkt på

– Draumelesaren kan i mitt hovud vere nokon konkret som eg ser for meg og set pris på – i alle fall er det nokon som let seg begeistre av det som har drive meg til å skrive, som skimtar noko essensielt og viktig og gjenkjenner det.

Hvordan ser sommeren din ut – tar du fri fra skrivingen?

– Eg har for tida nesten tre månader undervisningsfri mellom semestra ved universitetet i Estland og prøver då å vere mest mogleg i Noreg. Skrivinga tek eg aldri systematisk fri frå, det hender ho tek seg fri frå seg sjølv, men så kan ånda brått kome over meg igjen.

– Elles tek det praktiske lett over sommaren: Ei heil øy med villnis og trehus som skal ryddast og vedlikehaldast.

Hvordan har du hatt det i koronatiden? Hva har vært det største høydepunktet for deg i denne perioden med tidvis nedstenging – og hva har vært den største nedturen?

– Med omsyn til dei som verkeleg har hatt det tøft må eg vere takksam og audmjuk. Klart det har vore utfordrande å ikkje kunne reise mellom dei to landa mine, men etter ei viss tilpasning har det gått betre.

– Hm, no gjer eg det igjen, seier kva eg synest eg burde føle – for skal eg vere heilt ærleg har eg nok vore dritlei i periodar!

– Det største høgdepunktet har kanskje merkeleg nok vore den ryddeprosessen som nedstenginga og nettundervisninga har gjort mogleg. Endeleg har eg fått tid til å sortere gjennom ting som eg har hatt ambisjon om i mange år.

– Dei største nedturane har vore avlyste planar, særleg ein estisk seglekspeidsjon langs norskekysten eg skulle vere med på i mai.

Hvor viktig er bøkene for oss mennesker, og er vårt forhold til bøker i endring, tenker du? Bekymrer du deg over skjermutviklingen?

– Bøker er så viktige at vi neppe forstår det og alle forsøk på å formulere det kjennast overflatiske. Men spørsmålet får meg straks til å tenkje på fysiske bøker, og i dag er det vanskelegare enn før å skilje mellom bøker som verk og tekstar og bøker som fysisk format. Eg trur absolutt at papirboka har ei framtid, men eg ser også at lesing av e-bøker og filer på skjermar og lesebrett kan vere praktisk og utvidande og gi oss tilgang på nye og viktige leseopplevingar. Eg er ikkje så redd for denne endringa i format, her trur eg på god sameksistens mellom likeverdige leseformer. Derimot er eg nok redd for at smarttelefontida tærer på evnen til langtidskonsentrasjon.

Annonse
Annonse
Annonse