Annonse
Foto: Helge Hansen
Derfor roman

Kjersti Rorgemoen vil vise fram bygda som fleirsidig storleik

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

 

Kva handlar romanen om?

– Om museal-terapeuten Liv Indrebø som vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa.

Er det noko i ditt eiga liv eller i samtida som ga deg ideen om å skrive romanen?

– Romanen granskar ein ganske vanleg norsk draum. Mange arbeider på kontor og med hovudet, men hovudet er berre ein liten del av kroppen. Romanen er også eit resultat av at eg kjøpte eit småbruk og dei praktiske utfordringane det førte med seg.

Kva er det du vil formidla til dine lesarar med denne romanen?

– Romanen prøvar å seie noko om ulike livsformer i eit lite sentralt samfunn og landskap, vise fram bygda som fleirsidig storleik. Den vil også problematisere det historiske medvitet, for Liv er det ikkje nok å observere og snakke om tinga ho er tilsett for å konservere, ho vil også ta dei i bruk og kjenne fortida på kroppen. Romanen prøvar også å tulle med tomme vendingar i det kulturbyråkratiske språket, og den sender beundrande blikk mot personar som er driftige og inkluderande.

Når byrja du å skrive på romanen?

– Hausten 2015.

Kor og kvar skreiv du?

– Som regel på dagtid, eventuelt på kveldstid. Denne romanen har eg stort sett skrive på eit gamalt lærarrom på den nedlagte skulen i bygda Lårdal, den vakraste og brattaste bygda i Vest-Telemark.

Er det noko særskild som kjenneteiknar di måte å jobba på?

– Eg er ofte i tvil, og den skapande prosessen er ikkje effektiv i marknadslogisk forstand. Men når eg fyrst har skrive ein tekst som er bra, der noko skjer, og er innpå noko sant, blir eg fylt med ein sterk fryd som eg ikkje kan oppnå på anna vis.

Den skapande prosessen er ikkje effektiv i marknadslogisk forstand

Kor mange bøkar les du i året – og kva slags?

– Eg held ikkje tellinga, men eg les så mykje ny norsk skjønnlitteratur som eg kan, ettersom det er jobben min i Forfatterforeningen sitt litterære råd.

Kan du gje oss namn på tre personar du håpar les boka?

– Nei, eg ser aldri for meg bestemte lesarar. Eg prøvar heller å lese så nøye eg kan sjølv, for deretter å forbetre teksten.

Finnast det ein bok du vil anbefala KulturPlot sine lesarar?

– «Kart over Canada» av Dorthe Nors! Eigenarta noveller med fin og mørk humor.

Fritt val frå øverste hylle, ubunden av tid og geografi: Kva forfattar kunne du tenke deg å ha ein lang og god lunsjprat med?

– Aasmund Olavsson Vinje.

Dersom du måtte velje?
 

Jo Nesbø – Agatha Christie

Twitter – Facebook

Lydbok - Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagbladet – VG

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Ibsen – Hamsun

Papirbok – E-bok

Fagbok – Roman

Netflix – YouTube

Ved sjøen – På fjellet

 

Annonse
Annonse
Annonse