Annonse
Foto: Ragnhild Utne / Samlaget
Derfor bok

– Eg vart uroleg og fekk behov for å forstå kva som skjedde med vêret

Meld deg på nyhetsbrev fra Kulturplot

Hver tirsdag og torsdager. Bestill her! Skriv inn din e-post:

 

 

Kvifor har du skrive denne boka?

– Eit snøskred dundra inn i elleve bustadhus like i utkanten av sentrum av Longyearbyen i 2015. To personar døydde. I tida som følgde, kom nedbørsrekordar og temperaturrekordar på rekke og rad. Det gjekk jord- og flaumskred på sommaren og hausten, og eit nytt snøskred dundra gjennom ei rekke med bustadhus i 2017. Eg vart uroleg og fekk behov for å forstå kva som skjedde med vêret, korleis naturkreftene fungerer. Er det dette som er klimaendringar?

Foto: Samlaget

Kva er dei viktigaste poenga i boka?

– Korleis klimaendringane viser seg på Svalbard og korleis dei verkar på einskildmenneske. Eit anna poeng er at med auka temperatur globalt vil me få ekstremvêr, og med det hendingar, som byar og bygder ikkje er budde på. Me må planlegge og handle før ulukka er ute.

Er det nokre synspunktar eller teoriar som presenterast?

– Eg har snakka med han som truleg var den første som fann bevis på at djuphavet vert systematisk varma opp, og fangstmannen som fortel om endringane han har sett i naturen etter 40 overvintringar. Ein meteorolog meiner soldagen i Longyearbyen i teorien er flytta to dagar fram grunna bresmelting. I tillegg er synsvinkelen frå ein vanleg person, ei tobarnsmor som går på jakt for å skjøne klimasystemet. Eg set alt frå sjøis, skyer, lågtrykk, havstraumar til mikrobane i bakken, inn i ein større samanheng.

Kva vil du oppnå med boka?

– Større medvit kring klima og klimaendringar. I tillegg ønskte eg å dokumentere for ettertida kva som skjedde med Longyearbyen i tida etter skredet i 2015.

Kven er målgruppa?

– Folk flest, dei som er fascinert av Svalbard og Arktis og dei som ynskjer ei lettlest, større forståing av korleis klimasystemet fungerer, ei personleg historie med mange fakta vovne inn.

Kan du gje oss navn på tre personar du håpar les boka?

– Dronning Sonja, som er med i boka, mine framtidige barnebarn og fysikklæraren som meinte eg ikkje burde gå vidare med realfag.

Kor mange bøker les du i året – og kva slags?

– Det har eg ikkje tal på. Det blir mange barnebøker for tida, i tillegg les eg polarlitteratur, krim, ulike romanar og sakprosabøker. Litt av alt.

Fins det ein bok du vil anbefale andre å lese – og kvifor?

– Fridtjof Nansens «En ferd til Spitsbergen». Denne månaden er det 90 år sidan Nansen døydde. Boka han skreiv då han vitja Spitsbergen i 1912 er full av nydelege skildringar og refleksjonar. Mellom anna denne, om kolet i fjella på Spitsbergen: «I dem er det samlet opp så meget sol-varme fra hine fjerne tider at varme-mengden i dem ville være nok til å smelte bort all den snø og is som nå dekker dette landet, og til å varme opp en god del av sjøen omkring også.»

Fritt valg på øverste hylle, uavhengig av tid og geografi: Hvilken forfattar kunne du tenkt deg å ha ein lang og god lunsjprat med?

– Fridtjof Nansen.

Kva forfattar vil du gjerne gje ein rose til?

– Sigri Sandberg som fekk meg til å tørre å satse på bok og for klemmar og turar på vegen.

Hvis du måtte velge?


Jo Nesbø – Agatha Christie

Twitter – Facebook

Lydbok – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Dagbladet – VG

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Ibsen – Hamsun

Papirbok – E-bok

Fagbok – Roman

Netflix – YouTube

Ved sjøen – På fjellet

Line Nagell Ylvisåker (37)

  • Yrke: Journalist
  • Utdannelse: Idrett grunnfag, master i journalistikk og nokre fag her og der.
  • Bosted: Longyearbyen
  • Aktuell med boken: «Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard.»
  • Forlag: Samlaget
  • Antall sider: 178
Annonse
Annonse

Line Nagell Ylvisåker (37)

  • Yrke: Journalist
  • Utdannelse: Idrett grunnfag, master i journalistikk og nokre fag her og der.
  • Bosted: Longyearbyen
  • Aktuell med boken: «Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard.»
  • Forlag: Samlaget
  • Antall sider: 178
Annonse