Vidar Lund er gjenvald som leiar i Norsk Bibliotekforening.
Foto
Norsk Bibliotekforening

Vidar Lund gjenvald som leiar i Norsk Bibliotekforening

Publisert: 28. mars 2022 kl 09.35
Oppdatert: 28. mars 2022 kl 09.35

Vidar Lund (48) frå Levanger vart gjenvald som leiar i Norsk Bibliotekforening på landsmøtet 25. mars.

– Eg ser fram til ein ny periode i noko som kan bli ein avgjerande periode for biblioteka, seier den gjenvalde leiaren.

Han peikar på at i år kjem det ei ny boklov, bibliotekstrategien skal reviderast og det skal kome ein ny leselyststrategi.

– Da er det viktig for heile samfunnet at biblioteka framleis får utføre oppdraget sitt med å gi tilgang til og formidle litteratur, kunnskap og informasjon både fysisk og digitalt understrekar han.

Alle format

Landsmøtet vedtok tre resolusjonar som peikar på viktige tema for biblioteka framover. Ein peikar på at biblioteka må ha rett til å formidle og låne ut litteratur i alle format. Biblioteka må òg ha rett til å drive høgtlesing i det fysiske rommet. Til sist vedtok landsmøtet ein resolusjon som understrekar biblioteksjefen sin rett til å vurdere kva som er relevante arrangement i bibliotekrommet.

– Dei tre resolusjonane understrekar at biblioteka må ta og få ein viktig plass i brytningstida mellom den fysiske og digitale formidlinga av kunnskap og kultur, og at det er viktig at biblioteka er uavhengige aktørar på vegner av dei som bur i lokalsamfunnet eller går på skulen eller universitetet, seier Lund.

Landsmøtet avslutta fire dagar der over 500 bibliotekarar og andre bibliotekentusiastar har vore samla på Bibliotekmøtet 2022. Det har vore samtalar, debattar, utstillingar og foredrag for heile breidda av moderne bibliotekutvikling.

Elles i styret vart Helene Voldner frå Oslo valt som nestleiar. Resten av styret er Heidi Hovemoen (Viken), Birgithe Schumann-Olsen (Innlandet), Karianne A. Aam (Innlandet), Trud Berg (Nordland) og Terje Håkstad (Troms og Finnmark). Varamedlemene er Nisrin Maktabi Barkouki (Oslo), Tina Halkinrud (Viken) og Mari Hopland (Viken).